Test av formutvikling!

Publisert: 22.04.09

- Høgskolen på Lillehammer inviterer

Hei,

Høgskolen i Lillehammer har investert i eit fysiologisk testlaboratorium. Dette vart ferdigstilt i slutten av 2008, og blir nytta i hovudsak til undervisning og forskning. Testlaben er og open for ekstern testing av idrettslag så vel som av enkeltindivid. Fysiologisk testing blir primært gjennomført for å kunne sjå effekten av trening. Ved å teste regelmessig i løpet av året kan ein lettare kontrollere at treninga gir den ønska effekten og eventuelt justere treninga om den ikkje har medført ønska effekt. I forbindelse med dette ynskjer vi å informere idrettslag og klubber om kva slags muligheiter ein slik testlabb gir. Vedlagt ligger ei brosjyre som informerar litt om kva vi kan tilby ved ein slik testlabb. Dersom dette høres interessant ut og/eller har spørsmål til korleis ein kan benytte testlabben er dokke hjerteleg velkommen til å ta kontakt.

Les mer her.

Mvh.
Bernt Sivert

-----------------------------
Bernt Sivert Nymark
Idrettsfysiolog
Høgskulen i Lillehammer
Kontor Tlf 61 28 81 28
Mob Tlf 98 88 21 57

Alt. e-mail:
berntsivert@hotmail.com

Tilbake

Sponsorer